mandag 23. mai 2011

Bokomtale av romanen ''Kaninbyen''

Vi har i denne perioden lese ein roman som heiter ‘’Kaninbyen’’. Boka er skrive av den norske forfattaren Arild Rein. Arild er frå Stavanger og vart født i 1960. Han har vore kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar 2008 med boka som heiter “Kaninbyen”. Boka vart gjeve ut i 2004.
I boka møter vi ein mann med namnet Johnny Roxmann. Han er ca. 30 år og er ein ekte siddis som bur i ein kolonihage på Eiganes. Han er ein mann som likar damer og som ikkje bryr seg særleg mykje om kva som er rett og gale. Han ser ofte bort i frå reglane i samfunnet, sjølv om han ein gong var ein politimann.
Boka handlar om ein mann som får livet sitt ut av kontroll. Johnny blir sparka som politimann og han deltar på gladmatfestivalen for å tene litt meir pengar. Planen er at han skal selje bakte poteter med bacon og rømme som tilbehør. På same tid treffer han Kim, ei thailandsk jente som han får eit godt auge til frå starten av. Men ting ser ikkje ut til å vere slik han hadde trudd, og Johnny blir nøydd til å ta ansvar sjølv. Johnny blir tiltrekt av Kim, som får konsekvensar i og med at han ikkje klarar å vere ærleg.
I slutten av boka får vi vite at hovudpersonen skal dra vekk frå Stavanger, som han kallar kaninbyen fordi han meiner at nordmenn har det alt for bra og er bortkjemte.
Gjennom boka får vi hovudsakleg innblikk i tankar Jonny har om oljebyen Stavanger, korleis han taklar det å opne ein bakt potet bu og hans syn på korleis samfunnet fungerer. Eg synest at romanen er ei grei bok, men etter meininga mi så inneheld han eit litt for grovt språk med mykje banning. Eg meiner at banning er til for å understreke eit poeng, men i og med at det blir brukt veldig mykje i denne boka følar eg at forfattaren ikkje klarar å framheve dei viktigaste poenga. Orda mistar litt av krafta når språket er på det same nivået gjennom heile boka.
Eg tykkjer det var kjekt å lese ei bok der ein kjenner igjen miljø og landskap. Nokre døme er Eiganes kolonihage og Gladmatfestivalen som dei fleste har oppleve eller høyrt om. Hovudpersonen sjølv verkar og står fram som ein sint person, og er ikkje nokon hyggeleg person å leve seg inn i. Boka inneheld ein del humor òg, noko som gjer det til tider mykje kjekkare å lese. Alt i alt tykkjer eg at ”Kaninbyen” står litt mykje stille. Det skjer ikkje så mykje gjennom boka, og eg finn ikkje den raude tråden som eg meiner kvar bok skal ha for at boka skal bli god.

Bilde: Kaninbyen av Aril rein
http://www.stavanger-kulturhus.no/